|
|
|
Untitled Document
|
|
Midtkandal Fjordservice AS tilbyr båtturar på Breimsvatnet i Gloppen med MB Breim. Båten er sertifisert og godkjent av skipskontrollen for 35 passasjerar, har ombordkøyringsrampe for
rullestolbrukarar, og har god plass både ute og inne, slik at alle til fulle skal kunne nyte båtturen gjennom den storslegne naturen.
|
| MB Breim blir gjennom våren, sommaren og hausten mykje nytta av lag, firma, venegjenger og større familiegrupper som ynskjer å ha ei spesiell oppleving i lag. Gruppa vert då henta der kunden ynskjer(Vassenden, Reed, Kandal eller Førs), og teken med på ein rundtur på Breimsvatnet. Sidan er det berre kreativitetet som set grenser for kva en slik tur kan innehalde. Somme ynskjer å prøve fiskelukka, andre igjen har med seg instrument, og syng og spelar seg gjennom sommarkvelden. Dei fleste ynskjer å gjere strandhogg, og få seg litt godt å ete, og alt dette let seg ordne. |
 |
|